Bilde:

Det er ein vedvarande politisk uvilje til å prioritere nasjonal tryggleik i fredstid, skriv Tor Ivar Strømmen. Her er KNM Thor Heyerdahl (Foto: Forsvaret).

– Eit forsvar med manglar

Det er ein vedvarande politisk uvilje til å prioritere nasjonal tryggleik i fredstid, skriv Tor Ivar Strømmen.

Offisersbladet har spurt forskere og politikere og bedt dem om å finne en løsning på Forsvarets største utfordringer.

Tor Ivar Strømmen, orlogskaptein og PhD-stipendiat ved Sjøkrigsskolen

Den viktigaste utfordringa som Forsvaret står overfor er forsvarsplanlegging med utgangspunkt i den rådande tryggingspolitiske situasjonen. Ei slik tilnærming fører til eit forsvar som er i utakt med den faktiske tryggingspolitikken med minst 10-15 år. Dagens forsvar, som utvilsamt er utilstrekkeleg og har mange manglar, er ein direkte konsekvens av avgjersler teke 10-25 år tidlegare, på ei tid der forsvarsplanlegginga også var basert på den dåverande tryggingspolitiske situasjonen.

Tor Ivar Strømmen
Tor Ivar Strømmen er orlogskaptein og PhD-stipendiat ved Sjøkrigsskolen (Foto: Forsvaret).

Denne forma for feilslått planlegging blir forsterka av ein vedvarande politisk uvilje til å prioritere nasjonal tryggleik i fredstid, og oftast ein manglande innsikt og eller interesse hjå avgjersletakarar i geostrategiske og geopolitiske røyndomar. Dette resulterer i permanent ubalanse mellom trong og tilgjengelege ressursar. Dette fører altså til kronisk underfinansiering, mangel på tidsriktige avgjersler og vingling, noko som ytterlegare reduserer kampkrafta og skapar ei stode kor me får svært lite igjen for dei midlane me faktisk brukar.

Det er difor avgjerande at norske styresmakter, Forsvarets leiing og tryggingspolitiske forskingsmiljø tar i bruk ein ny tilnærming. Me må planlegge med to grunnleggande kriterium i tankane: Først, kva er det vi faktisk skal forsvare og kvifor? Dinest, korleis kan vi byggje eit fleksibelt forsvar som kan tilpasse seg røyndomen når den openberra seg?

Må bli meir enn ein draum

Professor Mass Soldal Lund og Orlogsmester Johnny Grøneng Aase, Cyberingeniørskolen ved Forsvarets Høgskole

Ei stor utfordring for Forsvaret i dag er å raskt nyttiggjere seg teknologisk utvikling og innovasjon. I Ukraina ser vi kreativ og innovativ bruk av dronar som er hyllevare. Personellet i Forsvarssektoren har kreativiteten og kompetansen som trengst, men frå ein organisatorisk ståstad blir det å ta i bruk framveksande teknologiar, slik som droneteknologi i dag, sjeldan noko meir enn ein vag draum. Det vert eksperimentert i Forsvarssektoren, i FFI, Noble, våpenskulane og FHS, men det stoppar som regel der. Det finnest ikkje frie middel til å implementere nye løysingar.

Mass Soldal Lund
Mass Soldal Lund er professor på Cyberingeniørskolen ved Forsvarets Høgskole (Foto: Forsvaret).

Anskaffingsregimet i Forsvaret basererseg på at teknologi fyrst må vere «proven» og deretter gå gjennom eit anskaffingssystem som sørgjer for at alle anskaffingar blir for store til å feile. Moglegvis fungerer dette for anskaffing av fregattar, men det fungerer dårleg for dronar, VR og KI. Å krevje at innovasjonen skal skje før vi tek ny teknologi i bruk er ei oppskrift på å bli hengande etter.

Orlogsmester Johnny Grøneng Aase,
Orlogsmester Johnny Grøneng Aase ved Cyberingeniørskolen/Forsvarets høgskole (Foto: Forsvaret).

Ei mogleg løysing på dette er å freiste bryte ut av det rigide systemet for anskaffingar, og late forsvarsgreinene sitje på meir frie middel for anskaffing og utprøving av ny teknologi. Kjøp inn eit eller to prøveeksemplar som vert utsett for realistisk testing under norske vintertilhøve og i ørkenstrøk. Dette krev at det finnest befal som tør å ta den karriæremessige risikoen det er å teste nytt materiell underrealistiske tilhøve der det kan gå tapt om det ikkje er godt nok.

Les også: – Forsvaret skriker etter folk

– Beveger oss mot en farligere verden

– Forsvaret har ett grunnleggende problem